Funnerfellen
Garden Øvre Funner ligg i Hjartdal, ei lita bygd i hjarte av Telemark. Her driv me blant anna med å produsera saueskinnsfellar.

Saueskinna med sitt flotte fargespel (sauer er ikkje bare svarte og kvite!)
og mjuke kvalitet. Sauen har varma oss i uminnelege tider, så kvifor ikkje la
han ta opp konkuransen med vår tids syntetiske fiber! I tillegg til at skinnfellen
varmar og pustar slik at det aldri blir klamt, er han dekorativ.

Det som gjer den Norske skinnfellen spesiell er ikkje bare dei vakre
skinna og saumteknikken, men dekoren på hudflata. Skinnfellane har bilete
og symbol som blir til praktfulle mønster, alle forskjellige. Symbola
trykker me med trestempel som er kopiert frå gamle saueskinnsfellar frå Hjartdal kommune, mest frå Tuddal. Alle trykka er teikna av og skorne ut for hand, og alt er handsaum.

Om du synest dette er interessant så ta gjerne kontakt for meir informasjon.
Det beste er sjølvsagt å ta ein tur innom eldhuset på Øvre Funner og
og sjå produkta våre. Me tar opp bestilling.

For bestilling eller spørsmål ring: 47 04 09 50