Hjartdal Fjellstoge & Storhytte

SELSKAPSLOKALE & HYTTEUTLEIGE (2 stk hyttetun)

Hjartdal Fjellstoge & Storhytte er ei "fjellstoge/storhytte" som leigast ut til personar, organisasjonar og bedrifter som arrangerer kurs, seminar, firmaturar, familieselskaper e.l. for store og små grupper. Hjartdal Fjellstoge har 11 soverom og 35 senger (55 inkl hemser). Direkte link til heimeside her

Kringsjå Hyttetun: Nytt frå og med 2013 er at vi også leiger ut nabohyttetunet Kringsjå. Denne plassen har ei storhytte og tre mindre hytter. Totalt har hyttene 11 soverom og 36 sengeplassar. Det er her mulig å leige enkelthytter også. Meir info her

Mat: Det er fleire mulighetar knytta til mat - alt frå sjølv hushald til å kjøpe disse tenestene i sin heilhet frå lokale leverandørar. Mange foretrekker en kombinasjon med å lage mat sjølv og kjøpe inn nokre måltider (for eks. middag). Vi set deg gjerne i kontakt med lokale leverandørar som hjelper deg å kombinere det som som passar. Daglegvarer kan bestillast og vi sørger for at det er på plass i kjøleskåpet når du kjem fram.

Aktivitetar: Området rundt fjellstoga gjev mange høve for turar i fjell og skog. Rennevassvarden er høgaste fjellet i nærområdet (1076 moh) og ligg ca. 1,5 times gange fra Fjellstoga. Set ein av heile dagen til ein "lang" fjelltur (7-10 timer) anbefalast ein tur til Vindeggen (1516 moh) eller Brattefjell (1540 moh). Ein tur til velkjente Gaustatoppen (1883 moh) er alltid ei oppleving og kan anbefalast. Etter ein biltur på ca. 1 time og ca. 2 timar gange kan du nyte fantastisk utsikt fra sørnorges tak!

Vinterstid er det oppkjørte skiløyper i fjellet bak fjellstoga (totalt 50 km). Det er normalt gode snøforhold i området. Det er elles fleire alpinanlegg innan ca 1 times kjøyring frå Fjellstoga her kan nevnast; Vrådal skisenter (45 km) - anbefalast; ny moderne stolheis og bra høydeforskjell!, Rauland Skisenter (60km), Gaustablikk Skisenter (55 km), for å nevne dei mest kjende.

Fjellstoga: Totalt buareal på ca. 500 kvm. er fordelt slik:
HOVEDHYTTE: boareal på ca. 300 kvm. med stoge/peisstoge, 4 soverom, 1 bad og storkjøkken.
ANNEKS (tilknytta hovedhytta):buareal på ca. 150 kvm fordelt på to etasjer; 4 soverom og 20 senger (+12 hemsplasser) med 2 nye bad med 6 dusjar og 2 badstoger.
SEKRETÆR (30 meter fra hovedhytte): 2 soverom + stoge. Ved ankomst er Fjellstoga oppvarma (strøm) og véd ligg klar til peisen.
For avtale eller spørsmål ring:
eller besøk heimesida vår på:
95 81 99 96