Myljom-To
Ein husdyrsgard med sau og kyr i samdrift.
Vi har særmerkte lauvingslier i drift og haustar lauv som for til dyra på garden.
Etter ynske og avtale kan besøkande få omvisning på garden, vera med i slåtten
og ellers andre aktivitetar som passar inn i drifta og årstida.
Eige opplegg om lauving som driftsform, eventuelt kurs i lauvingslia der deltakarane
kan lære om lauvingstre og lauving ( teori og praksis ).

Merka stig frå Hjartdal til Svartdal passerar garden.
Servering:
Vegforklaring:
Myljom - To ligg i Hjartdalsbygda Hjartdal.
Hjartdal ligg omlag 150 km frå Oslo, 40 km frå Notodden
og 20 km frå Seljord. Frå hovedvegen E - 134 er det da 2,5 km
til garden frå Flatland bru og ca. 1 km frå Ambjørndalen.
Myljom - To er skilta ved tunet.
For avtale ring : 35 02 49 60 eller mobil : 97 15 15 47
Etter avtale kan vi ta mot mindre grupper for lett servering.
Vi produserer havrekjeks, braud og kling og anna bakst for sal etter avtale.