Nordigard Bjørge
NORDIGARD BJØRGE
Sentralt i bygda ved vakre Seljordvatnet ligg NORDIGARD BJØRGE, eit allsidig gardsbruk
med rikt dyrehald og turisme som attåtnæring.
Vi leiger ut 3 gardshus, Bergstova, Låvestova og Storstova. I tillegg leiger vi ut gardens
gamle stabbur, og i Grunningsdalen (10km bilveg opp i fjellet) ei triveleg seterbu. Nordigard
Bjørge har eit roleg og naturleg gardsmiljø. Mjølkekyrne går ute heile sumaren, og bak fjøset
trippar hønene. Hjø oss kan både folk og fe trivast!
AKTIVITETAR: Det finst ei rekke aktivitetar på garden : Gjestene kan delta i gardsarbeid og
vere med på lamming om våren og sauesanking i naturskjønne fjellområde om hausten.Vi
produserar vår eigen is av mjølka fra Telemarkskyr, og det er mogleg å se på denne
produksjonen. På Bjørge er det leikeplass for ungane, dei litt eldre kan me tilby båtar,
vass-skikøyring, kanoar, fin badeplass og merka turstiar. Seljordvatnet er rikt på fisk, og
særleg sik, og gjestene kan være med å fiske med storrusa som tek store mengder fisk om
gongen. For dei som vil fiske med mindre reidskap, er det høve til fiske både i Seljordsvatnet
og i fjellvatn på Lifjell.
SELSKAP/SERVERING: Skal du ha eit selskap eller eit møte litt utanom det vanlege? Da kan
du legge det til oss! Vi har servering og skjenkeløyve, og tar også på oss kurs og konferanser,
jubileum, selskap og bryllup. I låvesalen kan vi vår og haust dekke til 200 pers. I hovudhuset er
det plass til inntil 40 personar.
Velkommen til Telemarkis gardskafe !
Onsdag – søndag, fra kl 13 – 18
Me serverar:
• Telemarkis og vaffel
• Bjørgeburger og salatar
• Fisk frå Seljordvatnet
• Middag kvar onsdag ( bestillas dagen før)
Velkommen til eit levande gardsmiljø med leikelåve for borna!
For bestilling eller spørmål ring 35 05 00 40
Heimeside: