Omvisning på garden, orientering om lauving som driftsform, vera med i slåtten og ellers andre aktivitetar som passar inn i drifta og årstida. Merka stig frå Hjartdal til Svartdal passerar garden.
Badestamp og badstoge i naturlege omgjevningar. Naturstig og lokalhistorie.
Aktivitetar og Opplevingar:
Ridetur på tunet. Bading og fisking eller leik med Kashmirkje.
På garden kan du oppleva tradisjonell gardsdrift i eventyrlege omgjevnader. Egenprodusert mat og kultur!
Målet med verksemda er formidling av kunnskapar om kulturlandskap. Aktivitetane spenner frå guiding, undervising, kurs/føredrag til konsulentverksemd.